Møteveka er i gang

I går starta møteveka med Solveig Hosøy.

Solveig taler på møteveka denne veka. Ho har fått temaet "Den heilage ande". Den første møteveka dette skuleåret hadde temaet "Jesus in a nutshell" og den andre hadde temaet "Gud Fader". Me ser no fram til å få høyre om siste personen i treenigheta. Det fyrste møtet var godt besøkt. Vidare vart det møte kvar kveld kl.20 i kveld, fredag og laurdag. Håpar du tek turen!

Velkomen!