Morgonstemning

Musikalsk friluftsliv

Det fantastiske vêret har inspirert elevar og andre til å utforske nærmiljøet både dag og natt. I tillegg til kanopadling og toppturar, vel fleire å nytte helgene til å sove ute i hengekøyer mellom trea eller i hytter, bålhus eller liknande.

Det er magisk i skog og fjell i tidlege morgontimar. Turgåarar søndag morgon vart overraska av livlege tubatonar og fløytespel innimellom fuglesongen. Dei musikalske karane varma opp til ein heftig "vekkingskonsert" for andre sovande elevar i skogen. 

Det er framleis meir finvêr i vente, så her er det berre å henge seg naturtrenden. Og ta gjerne med eit instrument :-)

Tekst/bilde: Magni