Miljøarbeidarane

Jonas Heggestad og Lina Kringlebotten er nye miljøarbeidarar på Sygna.

Vi er kjempeglade for å ønskje Jonas og Lina velkomne som miljøarbeidarar på Sygna denne hausten.

Jonas er 19 år, frå Oppegård og tidlegare Sygna-elev (russ 2016). Året etter Sygna har han brukt på Fjellheim bibelskule. Han skal vere miljøarbeidar i 60% og fotballassistent i 40% stilling.
- Eg gledar meg til å møte nye og kjende elevar og trur dette året vert knall, seier Jonas (på bokmål).

Lina er 20 år, frå Etne og har gått på Lundeneset (søsterskule av Sygna) i tre år. Det siste året har ho gått på Fjellheim bibelskule. Ho skal vere 100% miljøarbeidar og gledar seg til å ta imot alle elevane:
- Vi gledar oss veldig til å bli kjent med elevane og håpar dei har store forventningar til eit nytt skuleår!

 

FB