Madam Juels Kafé

Smak av Norske Selskab

Norskundervisinga skal dekke kulturhistoria heilt frå antikken og fram til i dag. Her er det mykje å lære og forstå. Då kan det av og til vere godt med meir enn litterære smakebitar.

Som del av innføringa i opplysingstida inviterte norsklæraren 3PÅ til kake og debatt på Madam Juels Kafé (klasserom 14). Som studentane i København på 1700-talet er også dei fleste av våre elevar tilreisande, og dei likar å snakke saman over ein matbit.

Rundt kaféborda las dei Smeden og bakaren av J H Wessel og Norges skål av J N Brun som inspirasjon, før dei gjekk igang med diskusjon og dikting. Resultatet vart fire humoristiske dikt forfatta i felleskap. 

Tekst/bilde: Magni