Luftige svev under Balestrand Open 2014

Wow, ojojoj og heiarop runga i skogen i Saurdalen på laurdag

Det var store prestasjonar som vart vist i Saurdalen denne dagen. To av elevane på Sygna var med i konkurransen i tillegg til PC Fosse med team. Mons Hoel og Ola F. Sørensen vart møtte av høge heiarop frå "Sygnabenken" under furua (eller var det ei gran?) i skogkanten.

Tidelegare på dagen var Sygnaelevar med på å gjere klart til konkurranse som bakkemannskap, ved å trakke over- og underrenna. Store mengder nysnø fredag kveld og på sjølve laurdagen skapa ei flott ramme om arrangementet.

Du finn fleire bilete frå arr. på https://www.facebook.com/pages/Saurdal-Skiarena/564226750335774