Love is in the air

Laurdag 7. april var det klart for årets rollebryllup.

Tredjeklassingane hadde jobba godt på førehand og lagt alt til rette for at alle gjestane skulle få ei god oppleving. Og gjestane var mange, med representantar frå det norske kongehuset, president Trump, Olsenbanden, representantar frå familien Kardashian, ulike bloggarar og sjølvsagt brudeparet med foreldre, besteforeldre og forlovarar.

Juletreet hadde og teke turen inn frå skogen og pynta opp i gjengen med juletrebelysningen sin. Etter ei rask vigsel var det fotografering, før dei fekk middag og dessert. Taler høyrer med i bryllup, og sjølvsagt sangar om brudeparet.

Til slutt var det leikar, underhaldning og kaker. Altså alle element som skal til for eit vellykka bryllup, var på plass. Brudeparet var nøgd med kvelden, men underteikna fekk eit inntrykk av at dei var glade når kvelden kom og deira tid som brudepar, og ektepar, var over.

Takk til Vg3 for eit flott arrangement!

Tekst og bilete: ALH