Linus på Sygna

Teaterveke med 2BU

Den årlege teaterveka er i gang, noko som inneber fullpakka dagar med kreativ utfalding og tett samarbeid. Dette er ein nyttig og spennande praksis for potensielle framtidige barne-og ungdomsarbeidarar.

Saman har elevane både skrive manus, laga kulisser, utvikla roller samt øvd på replikkar og musikalske innslag. Det endelege produktet, som i år var inspirert av Linus i Svingen, vart framført for 1.-4.klasse ved den lokale barneskulen. 

Borna følgde fasinerte med på spelet og lo høgt av Marvin som ramla ut av hengekøya og gispa fortørna då Børre stal sjokolade på bensinstasjonen. Dei kunne puste letta ut då alle vart venner til slutt. 

Takk til både skodespelarane og publikum!

Tekst: Magni       Bilde: Magni og Monica (2BU)