Lenket

Har du prøvd å hoppe stille lengde når du er bunden saman med tre andre?

Laurdag var det klart for "Lenket". Deltakarane fekk i oppdrag å kome seg frå møtesalen til "Ja-steinen" - der det venta varm grill og pølser med brød. Laga, som var lenka saman med tau, måtte gjennom fleire krevjande oppgåver før dei kunne setje seg ned ved bålet: Stille lengde, 60m hekk, hinderløype og lagpyramide. I tillegg skulle dei lage lagsong og løyse sudoku.

"Siamesiske firlingar" fekk flest poeng og vann relativt store mengder sjokolade.

Ein kjekk kveld med stor innsats. Og god mat.

FB/UIB/FKH