Lanzarote 2019

Elevar gløda på vulkanøya

Sjå film frå Lanzarote

Varm vind frå Nord-Atlanteren leikte med dei mange palmane som omkransar det store anlegget Club La Santa. Dette var ramma då 33 elevar frå idrettsfag, i 1.- og 2. klasse på Sygna, var på treningsleir på vulkanøya Lanzarote.

I fleire år har elevar frå skulen pakka kofferten i januar og sett kursen mot sør, medan snøen har hatt eit klamt og kald grep om Sogn. Kontrastane er store med andre ord.

Det dansk-eigde anlegget i havet utanfor Afrika har fleire basseng, ei rekkje med tennis- og padletennisbaner, squasbaner, frodig og grøn fotballbane, løpebane, klatreveggar, minigolf, treningsbane for golf og syklar i ulike fasongar tilrettelagde for både for landeveg og grusvegar.

I tillegg er det eit fullpakka program med ulike treningstimar med instruktør dagen lang. Blir du ikkje i betre form her, er du god.

Nokon av høgdepunkta på turen var sykkeltur inn i nasjonalparken Timanfaya, der vulkanar og kolsvart lavalandskap gjorde inntrykk. Det var også stas å måla krefter mot det lokale laget Club Deportivo Tinajo. Under flaumlyset på stadionanlegget Campo Municipal de Los Volcanes var det høg temperatur og mange smil.

Dei mange og lange øktene på dagtid, vart avslutta på kvelden med svært god mat frå oppegåande kokkar. Det var også lagt opp til samansveisande aktivitetar som underhaldning, kortspel og Mesternes mester.

Har du lyst å oppleva samhald, gode verdiar og idrettsglede på denne måten, søk på Sygna då vel.

ET