Lærerikt kulturmøte

Lokal sosialkunnskapsekskursjon

«I Balestrand er det veldig stille, og alle er snille»

Dette var ein av kommentarane elevane på norskopplæringa formidla om sitt inntrykk av det å bu i Balestrand.

Måndag 05. februar fekk 15 elevar frå Sygna møte ei gruppe innvandrarar som gjennomfører kurs i norsk og samfunnsfag i Balestrand.  I programfaget sosialkunnskap er innvandring eit tema der vi møter spørsmål som: Kvifor flyttar menneske frå sitt eige heimland, kva er ein flyktning, kva er ein asylsøkar, og korleis skal vi hjelpe desse gruppene til å bli integrerte i Noreg.

Ein god måte å få nokre svar på er å møte menneske som sit med eigne erfaringar om dette temaet. Nokre av innvandrarane fortalde om sine erfaringar og opplevingar – og det gjorde inntrykk. Det er sterkt å høyre unge menn som fortel om at dei har gått lange strekningar åleine, og som har reist over Middelhavet saman med 500 andre og overlevd på saltvatn. Dei fortel og om saknet av slektningar, og om uvissa dei går med om slektningar, som dei ikkje har hatt kontakt med på lang tid, lever fortsatt.

Andre fortel om at det er vanskeleg å få jobb i heimlandet, med økonomiske utfordringar, og som derfor søker seg til Noreg – og Balestrand – langt frå eigen kultur og familie.

Eit par dagar etterpå vart kunnskapen testa – gjennom stigespel.

Tekst/bilde: ALH