L-fest

Lasagne, latter, leik og Laban-is

Meir enn femti elevar stilte svoltne og utkledde i matsalen laurdagskvelden. I tillegg til larvar, leveringsbud og late kom blant andre Lenin, Loke, Lars Monsen og Lady Gaga. 

Kvelden starta med nydeleg lasagne før det braka laus med leikar. Her var det lagparade, luring av motspelarar, testing av lukte-og smakssansane, lassokasting, "lei-ein-blind" og Labanfjes.

Vi avslutta med is dekka av Laban seigmann og lakriskonfekt.

Takk for ein super kveld!

Tekst/bilde: Magni