Kunstferdig lyddemping

3KDA har løyst ei utfordring for oss.

På skulebygget finst eit rom - kalla konferanserommet - som vert mykje brukt til møte, elevsamtalar o.l. Til rommet kjøpte vi lyddempande plater for å dempe romklangen. Desse har no 3KDA omgjort til eit nytt, flott kunstverk.

Elevane vart enige om motiv, før dei gjekk laus på platene og skar dei opp og sette dei saman igjen slik dei ville ha dei. No har dei i tillegg limt platene på veggen - og vipps - rommet har fått både betre lyd og eit flott kunstverk.

Takk til elevane i 3KDA for flott arbeid! 

Tekst: FB
Bilde: GM