Kunstauksjon

Vakre bidrag til misjonen

Allereie i haust tok Hans Roger initiativ til ei teiknegruppe. Etter kvart tok Thora (2SF) over som leiar og instruktør. Deltakarane har møttest ein gong i veka til teikning og sosialt samvær. Så fekk ho ideen om eit målekurs som skulle ende opp i produkt som kunne seljast til inntekt for russen sitt misjonsprosjekt.

Resultatet var 17 samlingar med instruksjon, måling og flotte produkt. Laurdag 3. juni stod dei ferdige bilda utstilte i gymsalen på Sygna før dei vart auksjonerte bort til høgstbydande. 10 deltakarar har laga til saman 12 bilde. 7 av desse vart selde til ein samla sum på 2000,- som gjekk direkte til misjonen.

Thora lovar at det også neste skuleår vert høve til å vere med på teiknegruppe, for som ho seier. "det er ikke bare vi i formgivning som har lyst til å lære å tegne, men også de andre elvene. så det er nok derfor tegnegruppen ble en suksess". 

Takk til årets deltakarar og velkomen på nytt kurs til hausten!

 Tekst/bilde: Magni og Thora