Kartleggingsprøver

I veke 36 og 37 gjennomfører vi dei obligatoriske kartleggingsprøvene i lesing og rekning.

Det skal gjennomførast to obligatoriske kartleggingsprøver for alle elevane på Vg1 hausten 2012. Kartleggingsprøver er eit verktøy som skal brukast av skolen og lærarane for å identifisere elevar som ikkje har tileigna seg nødvendige ferdigheiter i lesing og rekning frå grunnskolen. Informasjon frå prøvene skal gi skolen og læraren eit betre grunnlag for å setje i verk tiltak på eit tidleg tidspunkt i vidaregåande opplæring og å gi desse elevane ekstra oppfølging. Les informasjonsskrivet til elevar og foreldre/føresette:

Vedlegg: