Joakim takkar av

1. april sluttar Joakim Hector som rektor på Sygna.

Etter seks og eit halvt år i rektorstolen reiser Joakim Hector tilbake til Sverige, der han tek til i ny jobb som rektor på ein Glimåkra folkehøgskule. Vi har spurt han litt om tida han har hatt her saman med oss på Sygna.

Har tida på Sygna og i Balestrand blitt slik du hadde forventa?
- På mange måtar har åra på Sygna og i Balestrand blitt mykje betre enn eg forventa. Det er klart at det har vore ei heilt spesiell tid for meg, då eg har kombinert mitt første rektoroppdrag med å være småbarnsfar. Det er to inspirerande oppdrag som har prega heile meg i ein intense fase av livet. At eg då i tillegg har budd på vestlandet, i fine, men vetle Balestrand er også noko som bidreg til at eg kjem til å ha fine og sterke minne frå denne tida.

- Eg har trivest veldig godt som rektor på Sygna og syns det er eit flotte kollegie å arbeide saman med. Det har vore kjekt å vere leiar for ein organisasjon der det finst eit driv og engasjement blant personalet som strekker seg langt ut over det ein kan forvente. At eg på ein tydelig måte har fått ha med min kristne tru og verdiar inn i jobben har og styrkt opplevinga av å vere på ein heilt spesiell plass.

- Eg ber også med meg mange fine møte med mange elevar igjennom åra. Det har vore stort å få sjå elevar utviklast som menneskje, i kunnskap og i relasjon til Jesus. Ein ting eg ofte har fått oppdage er at «den lille» endringa for den enkelte eleven kan vera så mykje større når ein veit bakgrunnen og historia til henne/han.

Kva skule er det du reiser ifrå?
Sygna også i dag ein unik skule med ein kombinasjon av godt læringsmiljø, fint sosialt liv med ein tydelig kristen preg. I mi tid har ein i heile skule-Norge hatt fokus på Vurdering for læring med hovudtanken at elevar lærer best når dei forstår kva dei skal lære, kva som er forventa av dei, får tilbakemeldingar som fortel dei om kvaliteten på arbeidet eller prestasjonen sin, får råd om korleis dei kan forbetre seg og er involverte i eige læringsarbeid gjennom mellom anna å vurdere eige arbeid. Også på Sygna har me arbeidd med dette tema og kan i undersøkingar sjå at arbeidet har gitt resultat.

- Sygna er kjenneteikna av eit stort engasjement også blant elevane. Dette merkar vi både i dei sosiale arrangementa og i kristne aktivitetar. Det er ein viktig del av vårt danningsoppdrag. Sygna har funnest sidan starten av 1980-talet, finst i dag og eg tenkjer at det er ei framtid for Sygna og. Det er mange elevar som kan fortelje om at Sygna har fått ein livsavgjerande forandring i livet deira. Difor har me dei seinaste åra starta eit stort vedlikehaldsprosjekt både på skule- og internatbygg. På den måten rustar me Sygna for å møte framtida.

Er du ein annleis rektor i dag enn då du kom til Sygna?
Ja, sjølvsagt er eg det! Eg trur alltid vi lærer gjennom livet og særleg i intense fasar, likt den fasen eg har hatt som rektor på Sygna. Som rektor står ein konstant i eit fløde av menneskje ein må møte og sakar ein må forhalde seg til. På den måten har eg utvikla meg som menneskje og dermed som rektor. Eg har og fått prøvd ut mine leiarskapstankar i praksis og nok blitt sterkare i rollen.

 

Vi takkar Joakim for dei åra han har gitt til Sygna og arbeidet her og ønskjer han og familien lukke til og Guds velsignelse i det nye tilværet i Sverige!

FB