Informasjon frå lånekassen

Det er ikkje nye rutinar når det gjeld utbetaling av stipend, men dersom du er i tvil om kva du må gjere for å få ut stipendet for våren, kan du sjå det her.

Har du fått stipend for våren 2013? Her er informasjon om kva du må gjere for å få pengane. Hugs at ikkje alle får stipend om våren.

Grunnstipend og bustipend

Vi har sendt deg ei ny stipendmelding / eit nytt gjeldsbrev som du må sende inn for å få pengane for våren 2013.

For å få pengane må du

- hente stipendmeldinga di / gjeldsbrevet ditt på kontoret på skulen 
- skrive under på brevet   
(er du under 18 år, må både du og ein føresett skrive under)
- rive eller klippe av svarslippen
- leggje svarslippen i svarkonvolutten
- setje på frimerke og leggje brevet i ei postkasse

Vent ei veke – og du har pengar på konto.

Fekk du ikkje med svarkonvolutt? Legg svarslippen i ein vanleg konvolutt og skriv på adressa til Lånekassen, som du finn på www.lanekassen.no

 

Utstyrsstipend

Fekk du utstyrsstipend hausten 2012? Då fekk du i så fall heile utstyrsstipendet utbetalt. Dersom du ikkje fekk andre stipend, får du ikkje stipendmelding eller pengar no.

  - Dersom du søkte i november og ikkje har fått brevet enno, må du spørje på skolen om det ligg eit brev til deg der,dersom du har fått melding om at søknaden din er behandla.

Har du spørsmål?

Du finn svar på www.lanekassen.no/vg

Du kan også finne svar på Facebook. Lånekassen har ei eiga side for deg som er elev i vidaregåande. Sjekk facebook.com/lanekassen.vg.

Du kan og lese brevet frå lånekassen under Informasjon til foreldre og føresette