Helse- og oppvekstfag på Sygna - kva er det?

Kanskje du lurer på korleis kvardagen som elev på helse- og oppvekstfag på Sygna VGS ser ut? Les i så fall vidare!

SKAPT TIL Å BETY NOKO FOR ANDRE

Er du opptatt av å kunne gjere ein viktig forskjell i menneske sitt liv er dette utdanningsprogrammet for deg. På Sygna har me fokus på at du skal få eit godt fagleg grunnlag og samtidig få praktisk erfaring i faget.

Sygna vgs tilbyr det yrkesfaglege utdanningsprogrammet VG1 Helse - og oppvekstfag med muligheit til å gå vidare på VG2 barne- og ungdomsarbeidarfag. Etter VG2 kan du søke om læreplass. Me har også VG3 påbygg for deg som ønskjer generell studiekompetanse.

VG1 er med i eit samarbeid med stiftelsen «Livsglede for eldre» https://www.livsgledeforeldre.no/  Her har me eit samarbeid med Balestrand Helsetun og har faste tider der me har aktivitetar for dei eldre som bur der.

På VG2 har me eit samarbeid med Sagatun skule, der me er fast i ein klasse nokre timar for veka.

Dette meiner me er viktig for at du som elev skal få eit godt grunnlag til å kunne gå vidare på yrkesvalet ditt, enten det er som lærling eller på høgskuleutdanning.

På VG1 og VG2 har du også eit fag som heiter prosjekt til fordjuping. Det er eit fag der du skal få fordjupe deg i yrke innanfor helse og oppvekst-området som du har lyst å vite meir om. Her ligg det inne to praksisperiodar kvart skuleår der du også kan få ha praksis i din heimkommune.

Om dette høyres interessant ut er du velkommen til å søke plass hjå oss her på Sygna!

Lenkjer

* Sjå kva ekskursjonar Sygna tilbyr deg som ønskjer å gå VG1 Helse- og oppvekstfag, VG2 Barne- og ungdomsarbeidarfag og/eller VG3 Påbygging til generell studiekompetanse

* Sjå nyhende frå Sygnakvardagen om kva det vil seie å vere elev på 1HO

* Sjå nyhende frå Sygnakvardagen om kva det vil seie å vere elev på 2BU

* Sjå oversikt over utdanningsprogrammet på udir sine heimesider

* Søk skule (og internatplass) her

Kontakt oss viss du har spørsmål!

Helsing
Lærarane på helse- og oppvekstfag