Heimekveld

120 elevar på taco-kveld heime hjå personalet

Måndag kveld var store og små flokkar av elevar på vandring i haustmørkret, med månen og spredte gatelys som vegvisar. Framme ved målet vart dei mottekne av hektiske tilsette i full gang med å førebu taco. 16 heimar opna dørene, og vart løna med lystige og takksame elevar, triveleg prat, leik og god stemning.

Til slutt vart det is med diverse tilbehør før elevane måtte spurte heim for å rekke stengetid.

Takk for ein flott kveld! 

 

Tekst: MÅR
Foto: MÅR/MAL/FB