Haustfest

Foreldresamtalar, loppemarknad, haustfest og god mat.

Mange foreldre hadde tatt turen til Sygna denne laurdagen. Programmet for dagen var foreldresamtalar, klassevise foreldremøter, haustfest i Belehalli, middag og kaffi. Russen sitt loppemarknad bugna av gode kupp og smakfulle boller vart selt i russekiosen. Russen arrangerte og amerikansk auksjon på kvelden. Det ryktes om at pengene sat laust når tredjeklassingar var villige til å få ny sveis for misjonsprosjektet. 

For skulen er dette ein viktig dag kor me får treffe og ha samtalar med foreldra til elevane våre. Takk for at de kjem!