Han kom, såg og fann...

Giuseppe under lupa

Om ikkje han har lagt heile verda under sine føter, så har den italienske kunstnaren, Giuseppe Miconi, funne sitt sentrum i Kunstbygda Balestrand.

- Det var litt tilfeldig at eg hamna her. Eg vart tilsett i eit årsvikariat på Høyanger vidaregåande skule, på Teikning, form og farge, som det heitte då. Då eg vart overflødig der, arbeidde eg ei tid som illustratør i Bergens Tidende, samstundes som eg fekk jobb på Sygna vidaregåande skule i Balestrand. Her har eg vore i ti år.

Giuseppe mimrar tilbake til dei første åra i Balestrand. For ein som er oppvaksen i og rundt Roma, den Evige Stad, var det ein stor overgang å flytte til Lånefjorden. Berre det å slå graset var ei ny og framand utfordring. - Eg hugsar godt ein kveld nabokona kom innom og varsla om at ei drektig ku var klar for fødsel, og at eg måtte vere parat til å kome bort og hjelpe. Eg fekk heilt panikk!

Giuseppe og kona Kristi er begge lærarar på Sygna og bur no i sentrum av Balestrand. Dei trivst godt i bygda. - Kombinasjonen av vakker natur og høve til å utfalde oss fagleg og kunstnarleg har overtydd oss om å bli. Sonen, Francesco, er åtte år og ekte sogning, sjølv om faren tek fotballpraten på italiensk. Tretten år i Sogn er ikkje nok til å fjerne aksenten og gestikuleringa, Giuseppe er og blir italienar. Likevel meiner han at han har ein naturleg plass i bygda, og han har visjonar for framtida. - Eg ynskjer å bidra til å vidareføre Balestrand som kunstbygd.

Den allsidige kunstnaren er oppteken av balansen mellom teori og praksis. - Samtidig som vi gjev elevane studiekompetanse (slik at dei kan studere vidare), er det viktig at dei får høve til å utforske eigen kreativitet. Midt i læreplanar og fagdidaktikk er det viktig å gje rom for kunstnarleg utfalding. Det er givande og lærerikt både for meg og elevane å prøve ut nye retningar og kunstartar, utbryt den entusiastiske læraren. Kvart år tek han med seg avgangselevane på studietur til Roma, der det er mykje å sjå for kunstinteresserte. - I tillegg til arkitektur, skulpturar og målarkunst frå dei store meistarane, får dei smake litt av min kultur, smiler han skjelmsk. Han har ikkje noko i mot litt storbyliv, kombinert med ein godbit frå «grytene hennar mor».

Tekst/bilete: Magni Åm Risa