Grill ein kristen

Tirsdag var over femti elevar samla for å "grille" tre kristne

Arrangementet gjekk føre seg i møtesalen tysdag kveld; eit panel på to lærarar og Jostein Eide frå "Laget", skulle svare på spørsmål om kristen tru.

Nokre av spørsmåla hadde dei fått forberede seg på, medan andre måtte dei ta på sparket. Mange elevar hadde lagt spørsmål i kassen som har stått utanfor matsalen sidan jul. Panelet fekk bryne seg på spørsmål om alt frå om Gud ser på fotball, forholdet mellom vitenskapen og Bibelen, korleis Gud kan vere god når han lot nesten alle menneska drukne i syndefloden, til korleis ein kan vite at ein er frelst.

Det var eit fleirtal av gode spørsmål, som viser at det flyg mange store tankar rundt i Sygna-hovuda. 

EBO