Gratulerer, Russ 2017

Ein flott russ vart takka av med ein flott avslutningsfest.

Laurdag 3. juni samla Vg3-elevane, foreldre, føresette og personale seg til avslutningsfest for årets avgangselevar. Dette er den høgtidlege avslutninga etter endt vidaregåande utdanning og god mat, flotte talar og presentasjon av resultatet for misjonsprosjektet høyrer med.

Som vanleg var det elevane som imponerte mest: Resultatet av årets misjonsprosjekt er imponerande 820 000 kroner! Les her kva NrK Sogn og Fjordane skriv om innsatsen

Elles er det verd å trekke fram dei flotte helsingane frå tillitselevane Astrid, Kyrre, Lea Marie og Wobke, samt russepresidenten, Tobias, rektorhelsing og foreldrehelsinga frå Gunn Beate. Tidlegare rektor, Joakim Hector var og tilbake og hadde andakten for oss. Kontaktlærar i 3ID, Henning B Sagevik leia festen og gjennomførte ikkje mindre enn tre klesskift i løpet av kvelden!

Det er ein super gjeng som no vender nasen ut mot den store verda og alle vi som er att på Sygna gratulerer dykk og ønskjer dykk lukke til vidare.

 

FB/OKN/GBB