Gratulerer med dagen

Flott start på ein stor dag

Det er 17. mai og russetida er inne i sin siste dag. Dagen starta med 17. mai-frukost for russ og personale, flott tillaga av kjøkkenet. Helge Eilifsen leia den høgtidelege og velsmakande stunda.

Både elevar og personale samla seg etterpå ved flaggstanga og song nasjonalsangen, medan flagget vart heist til topps.

Vidare utover dagen ventar gudsteneste, 17. mai-tog, leikar, talar og 17. mai-fest på bedehuset.

Gratulerer med dagen frå alle oss på Sygna!

FB/GBB/BAa