Godfrukost

Torsdag hadde vi ein ekstra god og lang frukost på Sygna.

Kjøkenet stilte med utvida meny, resten av personalet stilte som servitørar og elevane kunne nyte ein ekstra god og lang frukost i dag.

Det er allmenn kunnskap at klokka går fortare om morgonen enn den gjer resten av dagen. Ofte kan difor frukosten vera ein kamp mot klokka. I dag tok vi oss difor ekstra god tid - vi tok nemleg fri første time, slik at maten kunne nytast i fulle drag.

Vi ønskjer alle elevar (og alle andre) ein fortsatt god dag.

 

FB