God kjemi

Torsdag fekk vi besøk av elevane som går i 8. og 9. klasse på skulen tvers over idrettsbana, Sagatun ungdomsskule.

Faglærar Lise-May Sæle hadde lyst til at elevane skulle få lære litt om syrer og basar i kjemisalen på Sygna. Det var mykje liv og moro då 18 ivrige ungdomar skulle måle pH, sjekke fargeomslag og lære kva som skjer når ein nøytraliserer ei løysing.

Aller mest gøy var det nok for kjemilærar Bjørg som endeleg fekk prøve seg som lærar for ungdomsskuleelevar. Håper dei fekk et par lærerike og kjekke timar slik at dei fekk smaken på både kjemi og sygnalivet. Hjarteleg velkomne attende som elevar om eit år eller to!

BAa