Gnistrande framføring

Godt samspel og høg intensitet kjenneteikna årets russerevy

Laurdag tok avgangselevane eit stappfullt bygdahus med storm. Publikum lo seg igjennom gjenkjennelege skuleepisodar og let seg imponere av friske og rytmiske dansenummer. Kvelden vart også krydra av underhaldande filmglimt, eit ettertenksomt kåseri og utruleg vakker song. Trampeklappen ville ingen ende ta og dei måtte trå til med eit reprisenummer.

Alt var godt sydd saman og vitnar om nøye planlegging og godt samarbeid. Allereie ved inngangen vart kvar gjest møtt med oppmuntrande velkomstrop og applaus. I pausen var det kiosk og avissal. Overskotet frå alt sal, inkludert billettane, går til misjonsprosjektet.

Takk til russen for ein imponerande innsats!

Tekst: MÅR/Foto: STF