Imponerande russerevy

Avgangselevane på sitt beste

Det er tydeleg at elevane ikkje har lagt på latsida den siste månaden. I tillegg til skulearbeid og faste fritidssyslar har dei greidd å sy saman eit solid sceneshow med eige band, solistar, gnistrande dansar, sjølvlaga songtekstar samt artige sketsjar og filmar. Den kreative lyssettinga sette ein ekstra spiss på dansenummera.

Takk for eit supert show! Flott prestert!

Tekst/bilde: Magni