Gladmelding

Sygna startar Vg2 Helsearbeidarfag hausten 2019

Tysdag 27. november kom gladmeldinga frå utdanningsdirektoratet: Dei har godkjent Sygna sin søknad om å få starte opp Vg2 Helsearbeidarfag frå hausten 2019.

Det betyr at vi får eit breiare yrkesfagtilbod på skulen:
Vg1 Helse- og oppvekstfag
Vg2 Barne- og ungdomsarbeidarfag
Vg2 Helsearbeidarfag (nytt hausten 2019)
Vg3 Påbygging til generell studiekompetanse  (inkludert Påbygg4)