Fysikk 1 undersøker badetemperaturen

Kvar i Balestrand er det høgst temperatur i vatnet?

Dette spørsmålet brukte Fysikk 1 blokkdagen til å undersøke.

Det vart gjort temperaturmålingar ni ulike stader: Vetlefjorden, Farnes, Veganeset, Lunde, Esefjorden, Holmen, Lagunen, Gamleheimsfjøra og Kvamsøy. På kvar stad blei det bruka tre sensorar, kopla til datamaskin, som målte temperaturen ved ulike djupn; 80cm, 20cm og 3 cm under overflata.

Dei kaldaste plassane var uten tvil Esefjorden og Vetlefjorden, med ein snitttemperatur på hhv 12,1 og 9,3 grader. Mellom dei andre stadane var det ikkje dei store ulikskapane då temperaturen varierte mellom 15,0 og 17,1 grader.

Dei tre stadane med høgst temperatur var Lunde, Lagunen og Holmen, der Holmen (17,1 grader) hadde hakket høgare temperatur enn Lunde (16,7 grader) og Lagunen (16,8 grader).

EOS