Frisk tur i lyn og storm

Fredag ettermiddag la friluftsliv-klassen i veg på overnattingstur til Kallbakk (655 moh).

Etter ein veldig fin haust så langt, skulle visst alt uvêret kome denne helga.
Det var meldt over 50 mm nedbør på eit døgn, og stiv kuling. 
Dette stoppa ikkje oss, sidan me hadde fått låne huset på Kallbakk-støylen!
Medan me gjekk oppover Skåsheim-dalen, lyna og tordna det så heile dalen rista, og haglkulene følgde etter!
Me kom opp til Kallbakk før det vart mørkt, og her fyrte me opp i ovnen, og laga oss middag. Her vart det skikkeleg hyttekos, og stemninga var på topp.
 
Etter kvart som natta nærma seg, tok vinden seg opp, og han skulle rive og slite i huset heile natta. Fleire av oss fekk ikkje sove noko særleg denne natta.
Då morgonen kom, hadde heldigvis uvêret roa seg litt, og me la ut på dagstur oppover dalen. 
Då me kom opp på ryggen mellom Spenane og Raudmelen, letta ei stor kongeørn utover Esedalen. Stilig! 
Gruppa og turleiarane bestemte seg for å gå på Raudmelen, og mange fekk sitt første besøk her.
 
Me kom nedatt til Kallbakk tidleg på ettermiddagen. Sidan me var ferdige med dagens våte tur, og mange var bekymra for ei ny søvnlaus natt i huset, bestemte me oss for å reise nedatt til Sygna.
 
Vel framme på Sygna, virka det som om folk hadde hatt ein opplevingsrik og artig tur. Samtidig var det kanskje vanskeleg å legge skjul på, at ein gleda seg til ein varm dusj, kvelds, og bordtennisturnering!
 
Takk for turen!
 
AN