Geografiekskursjon

Geografiklassane har vore på ekskursjon i Balestrand.

Geografi og ekskursjon høyrer saman.  Når ein er ute, spelar vêret ei avgjerande rolle.  Godt og tenleg vêr er langt frå sjølvsagt, så etter ein slik dag er me takksame.  Før lunsj var hovudtemaet naturgeografi.  Då gjekk me til Orrabenken med stopp på nokre lokalitetar undervegs.  Etter lunsj fekk me erfara næringsliv og tenesteyting på nært hald.  Me fekk god mottaking på dei ulike stadane.

HE