Ung Messe

Fullt hus i Tjugum kyrkje

Det var fulle kyrkjebenkar i Tjugum kyrkje under gårsdagens Ung Messe. Tema var Bibelen, med fokus på Guds kjærleik som går som ein raud tråd gjennom alle bøkene. Dette vart tydeleg illustrert gjennom ein kort animasjonsfilm frå youthministry360.

Dette var ein kveld med mange bidragsytarar. Elevar frå Sygna og Sagatun stod for all musikken i samarbeid med kyrkjelydspedagog og organist. I tillegg stod ei rekke sygnaelevar fram og delte om sitt forhold til Bibelen, og over tjue konfirmantar frå Vik visualiserte seksten viktige scener frå Markusevangeliet på under ti minutt. 

Med andre ord; ein fullpakka kveld, som vart avslutta med applaus og pølse med brød på kyrkjebakken før folk fann heimover i hausmørkret.

Vi er heldige som har så mange flotte ungdommar blant oss!

Tekst/bilete: MÅR