Modernistiske perler

På scenen i dag stod 3ST og 3SF

Med resten av vg3 som publikum vart perlene servert på rad.

Godt bunde saman av stilige programleiarar, fekk vi presentert utdrag frå Knut Hamsun sitt "Sult" og "Skuggar" av Jon Fosse. Det vart også deklamering av Obstfelders  "Jeg ser" og Jan Erik Vold sitt "Kulturuke". Kvardagsdikta til  Olav H Hauge vart i tillegg dramatiserte ved hjelp av passande rekvisittar. Innimellom dukka det opp sjølvproduserte glimt av "stream og conciousness". 

Framføringa av Samuel Beckett sin tekst "Handling utan ord" tydeleggjorde godt våre daglege rutinar, akkompagnert av atonal samtidsmusikk. 

Takk til 3ST og 3SF for dette lynkurset i modernisme!

Tekst/bilde: MÅR