Fotballturnering på Sygna

Måndag 10. november var det klart for kvalifisering til fylkesmeisterskap for vidaregåande skular i Sogn og Fjordane på Kreklingen stadion.

Måndag 10. november var det klart for kvalifisering til fylkesmeisterskap for vidaregåande skular i Sogn og Fjordane på Kreklingen stadion. Det var overskya med enkelte regnbyger, men dette stoppa ikkje spelarar frå Førde, Sogndal og Balestrand mot å spele denne dagen.

Kampane byrja klokka 10:00 og gjekk i eitt til klokka 14:00, og vi vart vitne til mange flotte fotballprestasjonar. Russen hadde stelt i stand kiosk i høve turneringa og solgte varer til fotballspelarane og tilskodarane.

Vi huka tak i nokre av dei lovande fotballspelarane, og vi fekk nokre kommentarar rundt arrangementet. Den første vi huka tak i, var Dyrleif, som var lagkaptain for jentelaget til Sygna. Ho gjorde seg klar til kamp medan vi stilte ho nokre raske spørsmål om arrangementet. Dyrleif meinte at det var kjekt å spele fotball på denne turneringa, men ho sakna stemning på tribunen og kunne ønskt at fleire såg kampen.

Dei neste vi spørte var to jenter i frå Hafstad skule i Førde, Emilie og Guro, som var innbyttarar for Hafstad, som då spelte mot Sygna. Dei meinte at det var kjekt at skular kunne treffast for å spele fotball i lag, og at dei fekk moglegheit til å bruke skuletida si på det. Emilie og Guro kommenterte også at det hadde våre kjekkare om det var fleire tilskodarar.

Den siste vi fekk ein kommentar frå var Karsten, som stod å triksa då vi traff han. Karsten spelar på Sygna sitt gutelag. Karsten var einig med dei andre jentene at det var kjekt på turneringa og at det er kjekt at ulike studieretningar kunne møtast å spele fotball. Han kommenterte at stemninga var laber og at elevane på Sygna gjerne kunne fått fri for å skape stemning og støtte laget. Når vi spurte han om han hadde vore i kiosken, sa han at han måtte halde seg unna søtsaker i oppkøyring mot kampen.

Tekst: 3ID-elevar som ein del av oppgåve i idrett og samfunn
Bilete: 3ID-elevar