Ikkje søkt om stipend ennå?

Hugs å søkje før 15. november!

15. november er siste sjanse til å søkje om stipend og lån frå Lånekassen for hausten 2014.

Har du hugsa å søkje om utstyrsstipend?

Alle elevar med ungdomsrett i vidaregåande opplæring får utstyrsstipend, uavhengig av kor mykje foreldra tener eller har i formue.

Du må søkje før 15. november for å få heile utstyrsstipendet. Søkjer du etter denne fristen, får du berre halve beløpet.

Du finn søknaden her.

Har du allereie søkt og det har skjedd endringar?

Fristen er 15. november for å melde frå om endringar som gjer at du kan ha rett til meir pengar frå Lånekassen for hausten. Eksempel på slike endringar kan vere at 

  • • du har flytta heimanfrå
  • • du har bytta skole (du må sende ny søknad)
  • • du har bytta utdanningsprogram
  • • økonomien til foreldra dine har endra seg

Hugs at du alltid har plikt til å melde frå om endringar som kan føre til at du har rett til eit lågare støttebeløp.

Les meir om å melde frå om endringar og korleis du kan gjere det.