Elevundersøkelsen

Denne veka startar vi gjennomføringa av Elevundersøkelsen.

Elevundersøkelsen er ein del av det nasjonale kvalitetsvurderingssystemet og det er obligatorisk for dei vidaregåande skulane å gjennomføre denne undersøkinga for elevar på Vg1.

Sygna gjennomfører undersøkinga for alle elevane, men startar med Vg1-elevane denne veka.

Det er frivillig for elevane å delta. Ein kan og hoppe over enkeltspørsmål.

Undersøkinga er anonym. Elevane får passord som dei skal bruke for å logge seg på undersøkinga, men desse passorda er ikkje knytt til namn - berre til klasse.

Kva er føremålet?
Føremålet med Elevundersøkelsen frå Utdanningsdirektoratet er at elevar 
skal få seie si meining om læring og trivsel på skulen. Resultata frå brukarundersøkingane blir ikkje sletta, men lagra etter forskriftene, og nytta av skular, skuleeigarar og den statlege  utdanningsadministrasjonen som ei hjelp til å analysere og utvikle læringsmiljøet. Data frå undersøkingane kan òg bli brukte til forskingsføremål.

Delar av resultata frå Elevundersøkinga blir publiserte på nettstaden www.utdanningsdirektoratet.no/skoleporten.

Meir informasjon finn du i brevet frå Utdanningsdirektoratet i vedlegget under.

 

FB

Vedlegg: