Friluftsliv i nærområdet

3.klasse idrett på hausttur

Dei siste dagane før turen trekte snøen seg stadig lenger nedover i fjella. Vermedlingane meldte at det kunne verte ein våt tur. Det vart difor ekstra viktig å ha gode og varme klede tørrpakka i sekken, samt ein god og varm sovepose til natta. 3ID sin hausttur ligg normalt litt utpå hausten, og med slike vermeldingar ligg det mykje læring både i førebuing og sjølve gjennomføringa av turen.

Turen starta på kvelden slik at hovudlyktene måtte brukast for å ta seg fram på stien til fyrste leirplass - Breistølen, 600 m.o.h. Det er noko fint med å starte turen i mørket, etablere leir, legge seg til ro og vakne neste morgon og fyrst då få sjå korleis området rundt ser ut. 

Planen var å ta seg vidare frå Breistølen, via Russdalen og mot Saurdalen på dag nr 2. Slik gjekk det ikkje... På slike turar er det normalt med to lærarar. Den eine av dei måtte skuffa stå over turen pga vond rygg (Henning). Her fekk vi heldigvis på plass ein turglad kollega frå idrettseksjonen (Joakim). Då den andre læraren (Vegard) måtte avbryte turen (grunn treng ikkje å skrivast her..), valde vi å avbryte turen etter ei natt.

Vi måtte difor improvisere litt, og planla ein dagstur siste dag for å få vere noko meir ute. Her sette elevane opp att telta på nytt og laga bål i små grupper slik at alle fekk øve og bidra i å lage bål. Middagen elevane hadde planlagt å lage på dag 2 på turen, laga gjengen på dagsturen i staden for. 

Takk til 3ID for turglede, fellesskap, samarbeid og evne og vilje til å endre planar. De er ein god gjeng å reise på tur med, og underteikna glede seg alt til Vintersportsveka 2019. (Sjå video frå Vintersportsveka, 2015

Tekst og bilete: Henning (+ bilete frå Marianne Hoff)

For fleire videoar frå idrettsfag på Sygna VGS, sjå http://sygna.vgs.no/eit-aar-paa-idrettsfag-paa-sygna