Fotballkveld på Kreklingen stadion.

Både damelaget og herrelaget i 5.div. hadde heimekamp på Kreklingen stadion fredag 2.mai. Mange tilskodarar fulgte kampane.

Damelaget hadde sin fyrste heimekamp for sesongen. Motstandar var Hafslo som tok med seg alle tre poenga heim. Hafslo var det beste laget i 1.omg. og leia 2-0 til pause. Balestrand heva seg i 2.omg, og hadde fleire store sjansar både til å redusere og til å utlikne.

I det kampen var blåst av, var Balestrand og Eikefjord ferdig oppvarma og klare til å ta over bana og underhaldninga. Alt etter 5 min putta Torgeir det fyrste av i alt fire mål denne kvelden. Imponerande bra! (Tabbe av fotografen og ikkje ha bilete av firemålsskoraren!)
På stillinga 2-0 slapp Balestrand Eikefjord inn i kampen, og det stod 2-1 til pause. James sette bokstaveleg talt fart i kampen etter pause, og var nest sist på dei to siste måla til Balestrand. Då sluttsignalet gjekk, var det 4-2 til Balestrand.
Det er moro å sjå Balestrand spele fotball om dagen. Ein solid keeper og eit solid forsvar, ei hardtjobbande midtbane og målivrige kantspelarar og spissar. Vi ser fram til neste heimekamp!

(Fleire bilete kjem)

Tekst og bilete: HS