Ut på eventyr

Litterært program 2017

Under tittelen "fornuft eller kjensler" nytta vg3-klassane blokkdagen denne veka til å framføre utvalde tekstar frå romantikken og realismen for vg2-elevane. I nokre veker har dei arbeidd med tekstane i mindre grupper. Resultatet var ei 80 minutt lang framsyning med sjølvlaga filmar, tablå, skodespel og songar.

I tillegg til å høyre songar av Bjørnstjerne Bjørnson og Ivar Aasen fekk vi møte både reve-enka og friarane hennar, Askeladden på ulike eventyr, Peer Gynt, Dovregubben, Knappestøparen, Nora og Helmer i heftig krangel, Albertine på politilegens venterom, Frankenstein i flukt frå monsteret og Huldra som lokka med seg uskuldige turgåarar.

Dette er ein del av fagplanen i norsk som seier at alle elevane skal "sette saman og framføre eit litterært program". Mange var nervøse i starten av prosjektet og vegra seg for å stå på scenen, men onsdag stod alle klare og gav alt. Takk for innsatsen og vel blåst! 

Tekst/bilde: MÅR