USA-ekskursjon 3ST

Her legg vi ut ulik informasjon til foreldre og føresette. Sjå og vedlegga nedst på sida.

Om 3ST sin ekskursjon til USA 29/9 - 6/10
Kjære foreldre/føresette!
Om kort tid tek vi med oss ungdommane dykkar og set oss på flyet til USA. Vi tenkte det kunne vere kjekt for dykk som foreldre/føresette å følgje litt med på opplegget, og sender difor ut ein forenkla oversikt over programmet dag for dag. Vedlagt finn de òg eit skjema som ungdommen dykkar sjølv har fylt ut og levert tilbake til oss, dette kun til informasjon.

Elevane har òg fått ansvar for å skrive reisebrev som vil bli lagt ut på www.sygna.vgs.no, der vil de òg finne programmet som er lagt ved.

Kvar kveld er det innetid kl. 22.00, dersom ikkje noko anna spesielt er avtalt.

Kva må eleven betale sjølv på denne turen?
All mat. Internatelevane kan få noko kompensasjon for dei dagane dei ikkje et mat på skulen. Dette får dei tilbakebetalt etter haustferien. Metro-billett, koster $29 (vekespass, reis så mykje du vil i NYC) Nokre korte bussturar til og frå attraksjonar i WDC Opplevingar utanom det som vi har som obligatoriske i programmet. Dette gjeld t.d musikal, shopping osv.

Hjelp gjerne med å dobbelsjekke at din ungdom har:
- Bankkort som fungerer i USA
- Gyldig forsikring
- Mobilabonnement som fungerer i utlandet (har vore utfordring tidlegare år at ein ikkje har fått kontakt med alle)
- Adaptar til stikkontaktar i USA (kan kjøpast på flyplassen), opplada mobil er kjekt å ha

Ta gjerne kontakt dersom de lurer på noko, anten på førehand eller under opphaldet i USA. Før vi reiser er det fint om de ringjer mellom kl. 08.00-15.00 på tlf. 57 69 45 00 (kjem direkte til Kristina).

Vi GLEDAR oss!
Solveig Hosøy (+47) 980 76 857 og Kristina S. Hess (+47) 951 35 720 sho@sygna.vgs.no                                      ksh@sygna.vgs.no

Programmet for USA-eksursjonen finn du i vedlegg under.

 

 

Vedlegg: