First lego league- turnering

Mens russen øvde til revyen, var andre elevar opptatte med noko heilt anna. Lørdag formiddag var det nemlig klart for legoturnering. Gunstein Ohma hadde tatt turen frå Volda, med fem legorobotar. Fredag kveld fekk dei som ville vere med, ei innføring i korleis dette fungerte. Dei blei delt inn i lag, og kvart lag hadde sin eigen pc der dei skulle programere roboten til å gjennomføre ulike oppdrag. Så gjekk startskuddet lørdag kl 11.30. Det blei ein formiddag fylt med spenning, frustrasjon, enorm glede, sinne, latter og sukk. Etter ein spennande finale mellom eit personal+ Mariuslag, og eit elevlag, blei det til slutt klart at elevlaget stakk av med førstepremien; eit gavekort på 500 kr på Coopen. Takk til Gunstein for at du tok turen til vakre Balestrand, for å engasjere oss! Og takk til Vidar for å ha laga spesialbordet; kun for denne turneringa!