Fantastisk misjonsløp

111 elevar, personale, søsken og foreldre la ned hundrevis av mil for russen sitt misjonsprosjekt

Over hundre deltakarar bidrog laurdag med hundrevis av mil og litervis med sveitte. Rundt bana sto endå fleire støttespelarar: rundeteljarar, drikkeutleverarar, oppmuntrande foreldre og nokre bekymra sponsorar...

Det vart eit kjempeflott arrangement. Vi kjem tilbake med resultatet når det er klart. 

Misjonsløp: Løparane innhentar i forkant sponsorar. Nokre sponsar eit beløp for kvar runde løparen spring. Andre sponsar med eit fast beløp.

Her kan du lese meir om kva pengane skal gå til

 

Tekst: FB
Foto: FB/GBB