Fagleg fordjuping

Stort spekter av norskfaglege oppgåver

Som del av norskfaget skal alle gjennomføre ei sjølvstendig fordjupingsoppgåve med sjølvvalt emne. Nokre analyserer romanar eller andre skjønnlitterære tekstar, andre ser på språk eller retorik. Den mest dominerande trenden i år er nok analyse av samansette, digitale kjelder, det vil seie nettsider, filmar eller seriar. 

Døme på emne frå årets elevar: gjengkultur og kriminalitet, kristentru, tatovering, politisk maktspel, språkhistorie, slaveri, musikk som verkemiddel, utvikling av barnelitteratur, ekteskap, spiseforstyrrelse, feminisme, psykologi, innvandring, dystopi og adaptasjon.

Elevane vel sjølv presentasjonsform. Dei fleste har valt å levere inn ei skriftleg oppgåve, men nokre har valt å presentere forskinga si munnleg. Så håpar vi prosessen har vore lærerik og at alle får fram forskinga si og bodskapen sin på best mogeleg måte.

Tekst/bilde: Magni