Etterspurd bibelundervising

Det kan løne seg å spørje.

I vår kom nokre elevar og spurde om ein ikkje kunne starte opp bibelundervising på Sygna. Svaret var sjølvsagt ja, og i haust starta ein opp med undervising annankvar torsdag, frå kl 17.00 til 19.00. Det første temaet var "Er Bibelen truverdig?". Utover året vil det komme mange fleire interessante tema. Undervisarane er stort sett folk frå personalet, og i dag var det Svanhild Hundseth som skulle i elden. Undervisinga føregår i møtesalen på økobygget, og er åpen for alle som er interesserte. Velkommen innom!