Esefjorden rundt

Både elevar og personale deltok i strålande solskin

Over 800 deltok på det årlege mosjonsløpet rundt Esefjorden. Mange kom tilreisande frå andre kantar av landet.

Dei fleste gjekk eller jogga dei 8,5 kilometerane, medan 71 la i veg i ekspresstempo.

Blant dei sprekaste elevane var Bjørnar(2ID), Håvard(1ID) og Elsa (1ST) og frå personalet stilte ekteparet Nessa.

I målområdet var det tid for prat og is i sola, samt premiutdelingar til alle kategoriar.