Energibombe

Årets russekull slår til med ein imponerande revy

Dei mange dansenummera gnistrar og filmsnuttane og sketsjane fangar mange ulike nyansar ved livet på Sygna og i Balestrand. 

Framsyninga er eit resultat av godt samarbeid, pågangsmot og mykje øving. Her er alle med, både på og bak scenen. 

Gratulerer, vg3, med vellukka gjennomføring!