Elevundersøkelsen

Vi gjennomfører Elevundersøkelsen i november.

På Sygna gjennomfører vi Elevundersøkelsen i perioden 1. - 29. november. Alle grupper på alle trinn deltek, men det er frivillig for den enkelte elev om han/ho ønskjer å delta. 

Utdanningsdirektoratet skriv om Elevundersøkelsen:
Formålet med Elevundersøkinga er at elevar skal få seie si meining om læring og trivsel på skolen. Resultata frå undersøkinga blir ikkje sletta, men lagra forskriftsmessig, og blir nytta av skolar, skoleeigarar og den statlege utdanningsadministrasjonen som ei hjelp til å analysere og utvikle elevane sitt læringsmiljø. Data frå undersøkinga kan også bli brukte til forskingsformål av forskarar som får utlevert grunnlagsdata. Delar av resultata frå Elevundersøkinga blir publiserte på Skoleporten.

Informasjon til elevar om Elevundersøkelsen
Informasjon til foreldre og føresette om Elevundersøkelsen