Eksamensførebuing

Samla sidemålsløft

Eit nytt år med nye sjansar :-)

Første blokkdag (onsdag 9/1) starta vg3 like godt opp med Sidemålstentamen, for å sette eit verdig punktum for 1. termin. 

Elevane sat samla i gymsalen, med avgrensa nett, men med tilgang på hjelp frå faglærarane. For å gje ein ekte forsmak på formuleringar og vanskegrad, fekk dei bryne seg på tidlegare eksamensoppgåver. Dagen før fekk dei tips om emne og oppgåvetypar, slik at det var mogeleg å førebu seg. "Dette er først og fremst eit høve til å lære", seier norsklærar John Martin Høines.

Så håpar vi dagen har vore både nyttig og meiningsfull for dei involverte.

Tekst/bilde: MÅR