Eksamen 2016

Her legg vi ut eksamensinformasjon etter kvart som den vert klar.

I vedlegga under finn du
- informasjon om klagerett på standpunkt- og eksamenskarakterar
- trekket for skriftleg eksamen
- planen for eksamensperioden, frå melding om skriftleg eksamen 13. mai (vanleg skuledag) fram til siste skuledag, 17. juni.
- retningslinjene som gjeld for munnleg, munnleg-praktisk og skriftleg eksamen. Dette er retningslinjer som er laga i Sogn og Fjordane fylkeskommune og som vi følgjer på Sygna.
- oppmeldingsskjema til ny-, utsett-, og særskilt eksamen.

Ny eksamen: Dersom du fekk karakteren 1 ved eksamen, har du rett til ny eksamen i faget.
Utsett eksamen: Dersom du hadde dokumentert gyldig forfall ved ordinær eksamen, har du rett til å framstille deg til utsett eksamen. Dersom du har rett til utsett eksamen i trekkfag, skal trekking av fag skje på ny.
Særskild eksamen: Dersom du fekk karakteren 1 i standpunktkarakter i eit fag, har du rett til særskild eksamen dersom du ikkje var trekt ut til eksamen i faget, eller det gjeld eit fag der eksamen ordinært ikkje blir halden.


Ver merksam på følgjande: Som elev skal du ikkje betale eksamensavgift ved ny, utsett eller særskild eksamen. Retten til ny, utsett eller særskild eksamen er avgrensa til å gjelde første eksamen etter ordinær eksamen. Dersom du ikkje nyttar deg av denne retten, må du seinare melde deg opp som privatist i faget. Du må då følgje eksamensordninga for privatistar i faget (i språkfag og dei fleste realfag betyr dette t.d. at du må ta både munnleg- og skriftleg eksamen), betale eksamensavgift for 2. gongs eksamen og du mister eventuell standpunktkarakter i faget. 

Vedlegg: