Ei veke med FRIDOM

Fem om møteveka

Denne veka har vår "gamle" ungdomsleiar, Solveig Hosøy, vore gjestetalar på daglege kveldsmøte på Sygna. Allereie første kvelden var salen fylt til randen. Temaet var "fridom". Kva seier elevane om samlingane?

- Det var veldig hyggeleg å høyre på Solveig! Ho drar inn humor og har ei slik innleving at ein kjenner seg igjen. 

- Vi merkar at ho meinar det ho seier.

- Møta var dritbra! Ho er sjukt dyktig til å snakke!

- Supre powerpointar! Gode illustrasjonar.

- Ho snakkar slik at du skjønnar kva ho snakkar om, og det ho seier er veldig relevant.

Alle hadde berre godord å kome med og vi håpar inderleg at Solveig vil kome igjen og dele det ho har på hjartet!

Tekst/bilde: Magni